Ti tusen forskjellige liv – om Édouard Louis og eit bibliotek

Vi fødes med muligheter til å leve ti tusen forskjellige liv. Vi dør etter å ha brukt én av disse mulighetene. Fortærende, spør du meg.Trøsten er at vi gjennom bøkene kan bli kjent med noen av de livene vi selv ikke fikk leve, få et språk for noen av de følelsene vi ikke trodde det fantes ord for. Dessuten åpner lesingen porter til mulighetenes verden. Opprør er mulig. Et annet samfunn er mulig.

Inge Eidsvåg

Forfattaren Inge Eidsvåg, skriv dette i eit ode til biblioteka. Til boka som følgesvenn. På trykk i Klassekampen sist laurdag. Han beskriv korleis han fekk lov å lese når arbeidet var utført, og når han var sjuk. Slik var han aldri aleine, og draumar om noko anna kom fram.

Med sitat av både Tarjei Vesaas og Rudolf Nilsen, illustrerer Eidsvåg kor viktig bøker og orda kan vere.

Aldri kan ein halde opp å hylle den som laga det skrivne ord. Boka, bladet, brevet. Frå si øy har nokon skrivi eitkvart, det slår bru til neste øy, og atter frå øy til øy. Det kjem sendande, og ligg der som ein død ting – men mennesket har lært å tyde det, under eit menneskeauga får det liv, og meir enn liv, kan røre og opprøre og skape om. Det kan stige opp av papiret som lyn og eksplosjonar, som svarte sørgjefuglar og som blømande kirsebærtre. Av og til skulle vi tenkje over kor merkeleg det er.

Tarjei Vesaas

Teksten til Inge Eidsvåg er inspirerande, og særlig henvisninga til Rudolf Nilsen si diktning rammer det heile inn.

Men ennå våker noen. Det er ganske unge menn,
som bøiet over bøker leter drømmen frem igjen,
slik den en gang strålte om en vismanns gylne penn.

Rudolf Nilsen

I følge Rudolf Nilsen var det bøkene som viste de unge mennene i gråbeinsgården «veien til et land, hvor Nr. 13 ikke er.

Faksimile fra Klassekampen 8. juli

Så kor har dine bøker vist deg vegen? Eg veit godt kor den unge Inge Eidsvåg vaks opp. Ein halvtimes biltur unna vaks eg sjølv opp, riktignok med eit par generasjoner mellom oss.

På skulebiblioteket var eg godt kjent. Eg lånte bøker og hadde alltid ein bunke. Nokre bøker fekk eg ikkje låne, og då gjaldt det å snike seg unna på hemsen, blant nedstøva bøker som skulle arkiverast, for å lese likevel, uten at lånekortet avslørte porteføljen.

Med tid og stunder vart den vesle filialen nedlagt, og vi måtte heilt til sentrum på øya, for å låne ein bok. Bibliotekaren fulgte med, og dei to bibliotekdamene såg eg vekentleg i mange år, heilt til eg flytta frå øya. Hadde verda verka mindre uten? Eg veit ikkje, men kanskje hadde den det. Aldri var eg iallefall aleine, slik som Eidsvåg og beskriv.

Denne sumaren vitja eg Normandie, saman med storfamilien. Frå BGO til CDG, forflytta vi oss raskt til ein annan røyndom. Med leigebil kjørte vi rundt i nokre dager, med landsbygda omtrent midt i som utgangspunkt. Ei avstand som hadde bragt oss til Tromsø, om vi hadda tatt ut frå Bergen med bilen. Vi vitja minst eit chateu om dagen, såg nokre fantastiske hager, og eit titals kyrkjer, frå vår trygge base i utkanten av ein liten landsby.

Samstundes som vi landa på Charles de Gaulle internasjonale flyhavn, som forøvrig er eit imponerande stykke arkitektur, var det uro i Paris. Ein 17 år gamal gut vart skoten og drept av politiet, og naturleg nok oppsto det opptøyer. Difor venta vi nokre dager før vi tok turen til storbyen, med buss. Vi fulgte med på nyhende, slik UD sine reisetips rådde oss til. Det heile roa seg etterkvart. Men ikkje uten store ødeleggelser og fleire dødsfall.

Sandra Lillebø skriv følgjande om ordskiftet i Noreg i ein kommentar i Klassekampen, om NRK si dekning av opptøyene:

Overalt jaktes det på forklaringer og vinklinger. «Norsk barnefamilie havnet midt i dramaet», lød for eksempel en overskrift på nettsiden til NRK, selv om den norske barnefamilien selvsagt ikke havnet «midt i dramaet» – de var derimot på hotellferie i en av de dyreste bydelene i en av de dyreste byene i verden, og rakk antakelig å svi av (!) en fransk minstelønn eller fem før de satte seg på flyet hjem til Norge.

Sandra Lillebø
Faksimile fra Klassekampen 8. juli

No var det ikkje min familie som havna «midt i dramaet». Og det er NRK som vel overskrifta, ikkje familien, som eg kan skjønne vart bekymra og skremte.

Men Lillebø har eit poeng. Turister kan alltid reise heim. Vi er privilegerte. Vi har arbeid. Vi er kvite. Vi blir ikkje systematisk forfulgt av politiet. Vi har eit relativt velfungerande helsevesen. Vi har eit sikkerhetsnett som fanger opp dei aller fleste, sjølv om alt alltid kan forbetrast, og regjeringa sin skattepolitikk burde ta mål av seg å vere meir enno meir omfordelande.

På turen la eg ei bok, som illustrerte at det finnast ei anna verd. Ikkje på Tarjei Vesaas sitt romantiske vis. Ei bok som ikkje får meg til å drøyme om noko anna, men ei bok som syner korleis livet kan vere når du ikkje er privilegert, som meg.

Édouard Louis si bok «Hvem drepte faren min?», beskriv livet ikkje langt frå feriehuset vi leiger for ei veke. Eit times kjøring unna i ein fattig landsby, beskriv han korleis faren aldri har moglegheita til å endre livet sitt. Der han i forfattarens første bok (farvel til Eddy Bellegeulle), blir beskrevet som ein alkoholisert rasist, blir det gjort eit forsøk på å forstå kvifor, i dette essayet, på kun 80 sider.

Omslaget på Édouard Louis bok, «Hvem drepte faren min»,

Det er staten, med sin urettvist politikk som har tatt livet av faren, hevdar Édouard Louis. Den vesle boka er både bejubla og omdiskutert. Og ein av dei som er anklaga for drap i boka, har skrevet ei bok som motsvar, nett som vi i Noreg såg familien Hjort sin familiefeide utspele seg for nokre år sidan.

Boka kom i 2019, og skapte store debatter i Frankrike. Forfattaren ønskjer ikke debatt med mordarar, og avviser all dialog med mellom anna Martin Hirsch. Det samme gjeld all debatt med til dømes ytre høgre. Louis vil faktisk drepe debatten. Men kva skal ein gjere istaden?

– Å kjempe. Å dele sin analyse av verden. Folk kan selvfølgelig få si hva de vil uten at jeg skal stoppe dem. Men jeg vil ikke stå foran dem og ta imot fornærmelsene deres.

Det er ikke uten grunn at høyresida raver om ytringsfrihet når man ikke vil møte dem til debatt, mener Louis.

– Ytre høyre kan ikke overleve uten en venstreside å snakke til. Bevegelsen deres eksisterer bare som reaksjon. Da er det ikke så rart at de føler seg sensurert de gangene det ikke er noen som står foran dem.

Édouard Louis

I mellomtida morer de seg i Aftenposten. De har anmeldt Martin Hirsch sitt motsvar til Édouard Louis; «Hvordan jeg drepte faren hans er et intelligent kommentar til det moderne fattigdomsproblemet, en smekk over fingrene for Edouard Louis, og i tillegg en fornøyelig fiksjonslek», skeiv de i anneldinga.

Sjølv har eg ikkje lest Hirsch sitt motsvar, og før eg så gjer, skal eg nok ta for meg resten av Édouard Louis sitt forfattarskap.

Forfattaren har i lag med sosiologen Geoffrey de Lasagnerie, sagt at venstresida no må ta i bruk intellektet sitt. « Intellectuels de gauche, réengagez-vous ! » – fritt oversatt, «venstresidas intellektuelle, gjenoppta kampen! Sto på forsida av Le Monde i 2015.

Men at noen er fattige og underprivilegerte, gjør dem likevel ikke automatisk til politiske forbilder for venstresiden, skriv Sandra Lillebø i laurdagens utgåve av Klassekampen. Dumumskap og egoisme er antakelig ganske jevnt fordelt i befolkningen, skriv ho, uavhengig av inntekt og sosial status. «Man undervurderer idiotien i en del av disse folkene», sier for eksempel en akuttlege i Saint-Denis til avisa Le Monde, etter å i flere dager ha tatt imot ungdommer som har skadet seg i sammenstøt med ordensmakten.

Eg kan kjenne att følelsen. Når eg som sjukepleiar i akuttmottaket måtte passe på ein ungdom som har verte skada på grunn av han var rusa, var det ikkje alltid det mest meiningsfulle eg kunne tenke meg å bruke tida på, såpass må eg vel innrømme.

I dag er eg sjukepleiar på ein stad som utelukkande tek i mot pasientar som har vorte skada eller sjuke på grunn av rus, eller underdiagnostisert på grunn av sin ruslidelse. Det er noko av det mest meiningsfulle eg kan drive med, tenkjer eg no, i motsetning til då eg var nyutdanna, og jobba på ein plass der denne pasientgruppa berre ikkje passa inn. Dei stakk ofte av, før vi rakk å gjere noko som helst, i jakta på ny rus, eller berre ønskje om å ikkje bli sett ned på, av helsepersonell som har andre verdige trengs de å ta seg av.

I eit stadig meir pressa helsevesen, der tid og personell er eit gode det er vanskeleg å få fatt på, er moralen og etikken under press. Og vi vel vekk dei vanskelege, som treng mykje motivasjon for å halde ut og ta i mot hjelp.

Édvard Louis har skreven historia om bror sin, som døydde forkommen og alkoholisert. Eg skal lese historia om han og, etterkvart. Nokre perspektiv får ein jo, om ein ikkje er heilt samde.

I Noreg er det annleis enn i Frankrike. Men dei aller færraste blir rusmiddelavhengige utan at det ligg noko tragisk bak. Og det kan det anten du er barnefødt i Kalfarlien eller i Loddefjord; om far din var direktør eller om han var arbeidslaus.

Velferdsstaten og ein sterk og fungerande offentleg helseteneste, for alle, er viktig.

Fra mitt perspektiv, får ikkje alle plass sånn som det no er rigga. Nokon er på utsida av samfunnet. Og sjølv om vi ikkje har opptøyer og omfattande problem med politivald i Noreg, må det jobbast for å oppretthalde og utvikle tenestene våre – slik at det ikkje berre er dei verdig trengende og dei med betalingsevne som får tilgang. Likheit, friheit og brorskap, som dei ville sagt i Édouard Louis sitt fedreland.

I si siste bok, «Changer: méthode», navngir han bibliotekarer og lærere som har sett ham og hjulpet ham, selv om han, som han skriver, avskyr historier om mennesker som er blitt såkalt reddet av bibliotekarer, i følge ei anmelding av boka i Aftenposten.

Reisa ut av Halléncourt, via École normale supérieure, har likevel gått gjennom bøker. Så kan ein forstå premisset for å ville vise fram argumenta sine, sosialrealismen. Når nokon veit, når nokon ser dei som treng det, kan kanskje endring skje, om den rette bruker makta si til nettopp det: endring. Så kan valget mellom ti tusen forskjellige liv, bli eit liv der ein gjorde ein forskjell.

Legg igjen en kommentar