Finansiering av helsetenester, er ein heit potet om dagen. Høgre og Arbeiderpartiet har segla opp som motstandarar på dette punkter, ideologisk. I det offentlege ordskiftet har ordet velferdsprofittør vore eit skjellsord i mange år.
På venstresida har det vore opplest og vedtatt i mange år, at profitten, den tenast på dårlegare løn, pensjons- og arbeidsvilkår. Vi har fleire døme på at rekommunalisering gjer at folk går opp i løn.
Høgresida har svart ut i denne valkampen, med at når kommunen gjer klart anbud, kan dei stille krav til at løn, pensjons- og arbeidsvilkår skal følge med. Men så er det berre det då, at alt dette regulerast av tariffavtaler. Her kan ein sjå konturane av juridiske smutthull. Kan eit anbod overstyre tariffen? Kven førar kontroll med dette?
Dei ideelle har ein anna innfallsvinkel. Motivasjonen er ikkje profitten. Motivasjonen er å gjere godt. Så er det ikkje alltid løn, pensjon og arbeidsvilkår er perfekte der heller, men likevel. Dei store millionane går ikkje i lomma på eit knippe enkeltmenneskjer, slik ein kan lese om i nrk i helga.

Her beskrivast blåkors som ein litt mer redelig aktør enn andre. Overskot, ja, men det går inn i driften til andre lavterskeltiltak. Einingsleiar Tanja Vatnås beskriv at dei får mykje ut av pengane:
Vi kjøper sekk, pennal og drikkeflaske til ungene før skolestart. Vi er på kino, badeland og lekeland. Mangler de penger til helse- eller reisekostnader prøver vi å hjelpe.
Tanja Vatnås
Fleire andre tiltak, er prega av profitten, og mange millionar offentlege skattepenger går i lomma på private, istaden for å gå til folk som treng det. Dei har ikkje så lyst til å kommentere, men viser til at rekneskapet ligg tilgjengelig offentleg. Talla taler kanskje for seg sjølv:

Det er opprørande på mange vis. Det viktigaste er at det er faktisk så mange som treng hjelp i desse dagar. Millionane som går til profitt, kunne ha vore brukt til å bekjempe fattigdom. Og eg synes Mimir Kristjansson sei det ganske bra:
Hvorfor er det så vanskelig å bruke 30 millioner kroner på de fattige når det er så lett å bruke 80 millioner på bullshit?
Mímir Kristjánsson

På forsida av laurdagens Klassekampen kunne vi lese om tøffe prioriteringar for ein vanleg arbeidstakar, som har vorte sjuk, og går på AAP. Han må velje vekk melk til ungane. Og det er ikkje alltid han et sjølv. Ungane kjem først. Legerekninga må av og til gå til inkasso, eller verte betalt med lånte penger.

Nokre millionar her. Nokre millionar der. Ei utfordring i politikken er å finne penger på budsjettet til det du vil prioritere. Lovnader og ord frå ein politikar som kjem uten bevilgningar er ofte tomme ord.
Ingen har oversikt over kor mange millioner som forsvinn ut av det offentlege som profitt.
Men eg veit at dei kunne vore nytta godt. Kva med lågare frikortgrense for dei som er på AAP? Korleis skal du komme deg i arbeid når du er sjuk, slit med å sette mat på bordet til ungane dine, og ikkje har råd til å gå til lege? Kva med helsehjelp som sitt på mottak og ikke har pengar til det? Fleire bustader til bustadslause? Lista er ikkje utømmande…
For orden skuld: eg arbeider sjølv i ein privat ideell sektor. Eg ser at eg her kan få bruke meir tid på konkret helsehjelp og omsorg, enn eg har fått gjort som mellom anna kommunalt tilsett. Og eg tvilar ikkje på at kolleger tilsett i heilprivate tilbod ikkje har den samme motivasjonen. Eit ønskje om å hjelp. Likevel:
Konklusjonen min er iallefall som følgjande/ Konkurranseutsetting er altså ikkje svaret, om ein ønskjer å få til mest mogleg helsehjelp ut av skattepengane.
Om du tenker at du ikkje vil vente på statsbudsjettet, kan du hjelpe her:
