Hev røysta di, Florence Nightingale!

Det er alltid kjekt at Florence er i vinden, men eg trur ho er litt misforstått, når Brit Aksnes 29/12-23 omtalar ho som skytshelgen, og at ho meinte at menn ikkje hadde mjuke nok hender til å stella såre lemmer. Første gongen eg las Florence Nightingale, så omtalte ho brannfare i krinolinen som noko av det ein sjukepleiar måtte passa seg for. Vi kan trygt sei, at innhaldet i HMT-arbeidet rundt om på sjukehus og i kommunar, har endra seg. Men kanskje ikkje nok?

Som svoren Florence Nightingale-tilhengar, er eg ikkje tilhengar av å be ho om å halde kjeft. Når eg les forbi brannfare i krinolinen, og andre ting ho var opptatt av for over 200 år sida, så er det andre ting eg lyttar til.

Og så  er det ikkje ho som har sørga for eit lønsnivå som ikkje er rekrutterande, og som ikkje sikrar naudsynt beredskap i dette landet. Det er det heilt andre herrar som har sørga for, og frontfagsmodellen, kanskje?

Eg og, tenkjer at me og må slutte å omtale dei tradisjonelle kvinneyrka som noko ein berre treng hender for å utføre. Som sjukepleiar og leiar, er eg ofte ute for å rekruttera. Eg har enda ikkje bedt om å få sjå på henda til dei eg har inne på intervju, og spør aldri om dei er mjuke eller sterke.  Men eg sett pris på eit godt handtrykk. Så hender er ikkje heilt uvesentleg.

Dei kan og godt vere mjuke, om ein er kvinne eller kar. Eg hugsar godt at me lærte om «mjukhandsfatning» på sjukepleien. Begrepet var frå verige, og handla om å kunne vere varsam når ein skulle stelle ein kropp som kanskje hadde illt, og som ikkje var vand med å bli rørt. Eit godt handlag trøng ein i eit praktisk yrke, som sjukepleie er.

Florence Nightingale var ei kvinne som ikkje lot seg stoppe av gamle kjønnsroller. «… you want to do the thing that is good, whether it is ‘suitable for a woman’ or not», kan ein sitera ho på. Dessuten var ho ein forkjempar for heilskapleg omsorg.  «Det arbeid som dug, er det som blir utført av dyktige hender, leia av ein klar hjerne og inspirert av eit kjærleg hjarte», er eit anna sitat.

Ei hand som er god å halde i, er som oftast kopla til ein kropp som har både kløkt, intelligens og hjartevarme. Eit menneskje som forstår, og som ser.  Og så kan ein sjølvsagt legge til at denne kroppen treng utdanning, eit arbeidsmiljø som ivaretek behovet for kompetanseutvikling, og nok ressursar til å handtere emosjonelle krav, som jo er høgare i dei «tradisjonelle kvinneyrka», enn for ein kar som slit kroppen sin ut i industrien.

Sjølvsagt kan «mann bli sjukepleiar», som det vert hevda i Norsk Sykepleierforbund sin kampanje. Mann kan også bli dyktig sjukepleiar eller helsefagarbeidar. Men ein må faktisk sjå på arbeidsvilkåra, i tillegg til løna, om ein skal klare å rekruttere fleire menn. Lønn har direkte samanheng med korleis vi som samfunn sett pris på kvinnfolk sitt kroppsarbeid, og på menn sitt kroppsarbeid. Berre sjå på deltidsandelen for menn som driv med kroppsarbeid i industrien, kontra  Sjå på korleis ein måler den ergonomiske belastninga på arbeidsplassar. Det er med eit skjema tilpassa menn i industrien sine arbeidsplassar.  Sjå på kven HMS-kulturen er tilpassa, og sjå på kven som får yrkesskadeerstatning. Det er ikkje kvinner.

Eg vil slå eit slag for at vi tilpassar arbeidsvilkåra og lønna slik at menn har lyst å ta yrket, og slik at kvinner har lyst til å bli i det. Vi treng alle mann på dekk, som Brit Aksnes sei i sin kommentar. Alt frå matrosar til kapteinen på brua, og båtbyggaren, og eit sterkt rederi i ryggen.

Om vi ba Florence om å halde kjeft, tilbake i den tida der ho skreiv og  ytra seg, ville ho ikkje tolma seg. Ho ville gjort som ho sa; gjort godt, om det passa seg eller ikkje. 

Legg igjen en kommentar