I dag har eg heist balkongflagget. På veg inn til Bergen by i dag, hørte eg, tradisjonen tro to favorittarbeidersanger. Frihetens forpost, og og internasjonalen, med Grex Vocalis.
I passasjersetet satt ein ungdom med øreplugger og litt «kulare» musikk på, men ho let seg lokke med lovnad om ein cafetur før toget.
Mai-pynta i Bergen by i dag
Det var ikkje mange flagg som var heist i flaggstengene på vegen, men på ein måte vart dei då meir synlege, og eg satte pris på kvart flagg som var heist. I ljos av førre vekes flaggdebatt, var det overraskande få regnbogeflagg i 1. maitoget, men desto fleire palestinaflagg.
Norsk Sykepleierforbund Vestland klarte ikkje å rekruttere meir enn ein person til å bere fana. Eg skulle vikariere i trommekorpset, men så vart det heile avlyst dagen før. Når eg og dottera mi kom fram til toget, så vart eg difor litt heimlaus.
Eit tog frå det herrens år 2020
Eg sneik meg inn bak utdanningsforbundet, og vert ønska velkomen. «Vi er jo under same paraply»! Paraplyen min låg att i bilen, diverre, og når apellane var lest opp, og vi skulle til å gå, så starta eit herleg regnver. Når vi skulle til å gå, skulle eg flytte meg for å slippe fram eit stort flagg, og havna plutseleg bak NKP si fane. Eg såg ein kjenning, ein nsf’ar blant SV sine flagg, og sneia innom der og. Eg trakk meg ut av toget rett før den vindfulle runden rundt bryggen skulle til å starte, og traff ein gamal kollega frå ei anna tid, frå når sjukehuset var tilhaldsstedet gjennomsnittleg 35.5 timar i veka, så då måtte eg runde bryggen i år og, og slå av ein prat.
Min tidlegare kollega arbeider ikkje der lengre ho heller. For ein må bli tatt vare på, for å kunne stå i den jobben. Risikoen for å gjere feil kan ein ikkje leve med, så når arbeidsgjevar ikkje tek vare på ein, så vart konklusjonen at ein ikkje kunne ta den sjansen.
Konklusjonen er at det berre blir viktigare å gå i dette toget. Eg vonar at NSF Vestland klarer å mobilisere fleire sjukepleiarar på arbeidaranes dag i 2026, at vi som profesjon kan samla oss. Nokre sakar er svært viktig for oss som profesjon, og for dei som helsetenesten er til for.
Men noko er også svært viktig for andre enn oss. Solidaritet, internasjonal sådan. Det er vi nemlig, som er de tusener, som vi så fint sang høgt i lag på Torgallmenningen i dag:
Vi er de tusener som bygger landet. Det blev oss kjært i dagens strid Vi bar det fremad i savn og armod – nu bygger vi den nye tid