Kveldsvakt

Denne laurdagskvelden var det på tide å sjå filmen «kveldsvakt», som er navnet han har fått på norsk.

Filmen handlar om ein dedikert sjukepleiar, som kjem på kveldsvakt på ein kirurgisk sengepost. Kanskje ikkje det mest spanande du kan sjå ein laurdagskveld?

No er det mange år sidan sist eg var på kveldsvakt på ei travel sjukehusavdeling, men eg kan skrive under på at regissøren Petra Volpe har skjønt noko om sjukepleie, og sjukepleiarar. I mi tid på gulvet, var det mange gonger slik som dette. Travelt, med mange som ikkje med rette ikkje kunne forstå kvifor dei ikkje vart prioritert først.

Stemninga er hektisk, og regissøren beskriv dette som ein actionfilm. Det kan eg som sjåar vere einig i, og eg kjenner det på kroppen, korleis ho berre må haste vidare, og korleis det blir vanskelegare utover vakta. Hovudpersonen, glitrande spelt av Leonie Benesch, hastar frå oppgåve til oppgåve, prioriterar av og til slik som ho ynskjer, av og til slik det er enklast. Presset er til å ta å føle på, og det renn over på eit tidspunkt, når ho blir skjelt ut av ein pasient som tilsynelatande ikkje er den mest trengande på denne vakta.

Jobben blir gjort, effektivt. I Noreg ville vi kanskje sagt at «det gjekk jo bra». Men over tid går det ikkje bra, om kvar vakt skal vere slik. ein pasient reisar heim utan å få avklart alvarleg sjukdom, mange må vente lenge på smertestillande, og ei døyr sein på kvelden, utan tilsyn frå sjukepleiaren.

Når vakta er over og sjukepleiaren går heim, er det den avdøde pasienten som sitt ved sidan av ho på bussen, som er til trøyst på et vis. Scena er gripande, og kan kanskje tolkast som om ho tilgjev seg sjølv for denne prioriteringa.

På sveitsisk heiter filmen «heldin», og kveldens heltinne er berre eit menneskje, kor og hennar kjensler kjem til overflata, etter å ha blitt skjelt ut både ein og to gonger, av pårørande. Ho gret, og ho reagerer sterkt når ho blir skjelt ut av ein pasient på «første klasse», klagar på teen, ettersom han har betalt for ekstra forpleining. Sjukepleiaren endar med å hive ei dyr klokke ut av vindauget i sinne over denne oppførselen.

I Norge får vi ikkje sånne tilstandar inna for eit og samme sjukehus, men det er attkjenneleg det som skjer likevel. Nokon tillett seg meir ovenfor hjelpepersonell – og sjølv om denne vakta ikkje rommer den rusavhengige kvinna som utfordrer rammane for kva som er akseptabelt, er det ho som kjem att med klokka, som til syvende og sist kanskje ikkje betyr så mykje når ein skal døy.

Terningkast seks for skildringar som er svært realistiske, og for ein siste scene som får meg attende til sjukesenga, og opplevingar som ikkje har vore slik som dei skulle får pasienten, og som kjem attende når nokon eller noko minnar meg på det.

Vaktar flest bør ikkje vere som denne vakta – men ei kjensgjerning er kanskje at for nokon, så er det mange slike vakter, fleire enn kva som bør tålast.

Sterke skodespelarprestasjonar, også her, slik som i filmen «lærarværelset», kor den same hovudrolleinnehaveren beskriv eit arbeidsliv som har blitt til en trykkokar av emosjoner.

NRK sin anmeldar synes ikkje intensiteten i filmen verkar sannsynleg. For dei som ikkje har hatt desse skoa på, er det sikkert heilt usannsynleg, det er kanskje utruleg, at dette kan skje.

Diverre er det ikkje det. Og det som skjer med sjuke menneskje, som her let seg løyse med heltemodig innsats – det taklar dei fleste sjukepleiarar.

Det er tanken på det du ikkje fekk gjort, som gjer illt, og som kanskje gjer at ei slik vakt, vart den siste du orka.

Legg igjen en kommentar