Nedbemanning i sjukepleiarmangelens tid

I haust vart eg invitert til å bidra ned refleksjonar rundt nedbemanning, i bladet «Opplandslederen», som lokallaget til Sykepleierlederne NSF i Oppland publiserar til sine medlemmar.

Sånn ville kanskje eit lavbudsjett bokomslag sett ut

Takk til dei i Oppland, som lot meg få dele. Eg delar teksten min på heimesida og, så fleire enn kollegaer i Oppland kan lese. Det dreier seg altså om nedbemanning, og det i sjukepleiarmangelens tid…

Mange skribentar har falt for freistinga å etterlikne tittelen til den meisterlege romanen kjærlighet i koleraens tid, av Gabriel Garcia Marques.

Særleg i pandemien, var det nærliggande snakke om både uro og tillit, kjærlighet og ærlighet, i koronaens tid.

Fleire døme finnast heilt sikkert

Rett etter pandemien kunne eg kjenne ein irritasjon over desse samanlikningane. Eg hadde jobba meg gjennom krisa, og ikkje vore bortskjemt med tid eg kunne vie til litteratur. Det var heimesida til FHI som vart lesen frå «perm til perm», dagleg, i mange månader.

Så vart eg i mi leiargjerning i år på nytt råka av ei krise. Mindre enn ein månad etter at eg vart konstituert  som dagleg leiar på eit lite sjukehus for rusavhengige, var det på nytt att tid for å kalle inn til allmøte, strukturere informasjon, risikovurdere situasjonen og formidle tøffe beskjeder. Eit bortfall av økonomisk tryggleik prega budsjettet, og eg var nøydt til å nedbemanne. Det vart på nytt tid for kriseleiing, og ein pandemi nokre år tidlegare hadde førebudd meg godt.

Så var det denne boka då. Sjølv gløymer eg den aldri. Da eg som einsleg sjukepleiarstudent las ho, og såg filmatiseringa av ho, var eg aldri i tvil. Eg ville leve livet mens eg hadde det. Og eg var sikker på at arbeidslivet alltid ville sørge for at eg alltid var trygg, med sjukepleien i botten. Verda låg for mine føter. Du kjem aldri til å verte arbeidslaus – og du kan vrake og velje, sa alle eg kjende om mitt yrkesval. Det kjem alltid til å vere bruk for deg!

Korleis kan eg hjelpe norske leiarar med omstillingsprosessar? Det var neppe det spørsmålet Marques prøvde å løyse når han skapte sitt litterære meisterstykke. Likevel. Men ei bok kan vere ein god følgesven, anten ein treng  avledning, trøyst eller inspirasjon.  

Denne romanen er ein studie i venting, utholdenhet og synar oss korleis menneskelege relasjonar blir viktige når livet tek ei anna retning enn ein såg føre seg, og korleis system kan skape både press og tilpasning.

Ei nedbemanning kan sjåast på som eit slags emosjonelt jordskjelv i ein organisasjon. Det er ikkje berre tal som skal flyttast. I reknearkas kjølvatn, må menneskjer handtere tap av tryggleik, identitet, og ikkje minst  fellesskap. Og kva gjer folk då? Dei kan reagere heilt ulik, nett som romanens karakterar gjer når livet riv teppet bort under dei.

Florentina Ariza er sjølve symbolet på radikal omstillingstoleranse. Han overlev avvisning, katastrofar, omveltning og epidemiar. Og likevel held han på ei langsiktig forteljing om kven han er, og kva som betyr noko. Det minner litt om korleis tilsette prøver å behalde ei form for kontinuitet når jobben er i fare. Vår omstilling varte ikkje i femti år – men poenget står; menneskjet toler meir når dei har noko meiningsfullt å halde fast i.

Fermina Daza representerar den pragmatiske tilpasninga. Ho gjer nye val, byggjar ny identitet, endrar kurs, og tek kontroll. I nedbemanning trur eg du ofte desse to typane. Dei som finn meining gjennom lojalitet og historie, og dei som finn meining i å stake ut ein ny veg.

Og så har du sjølve kolera-metaforen. Sjukdommen fungerer i boka som ein usynleg struktur som formar alt; frykt, begrensingar og livsval. I ein nedbemanningssituasjon er koleraen alt det usagte; uro i korridorane, rykter, kjensla av at noko er ute av kontroll. Alle merker det i kroppen. Når krybba er tom bitast hestane.

Det som gjer boka nyttig som refleksjonsbakgrunn, er at den insisterar på at mennesker ikkje er rasjonelle rekneark. Det er kjenslene som rår. Skam, stolthet, frykt, håp. Nedbemanning uten at ein forstår dette, vert ein kald og  teknisk operasjon. Med forståing blir det i det minste eit menneskelig møte – sjølv om det fortsatt gjer frykteleg vondt.

Så kvifor bruke akkurat denne boka som ein spegel? Jo, fordi at overlevelse ikkje berre handlar om å «stå i stormen», men å finne en forteljing som gjer smerte uthaldeleg. I nedbemanning handlar det om å hjelpe folk å sjå ein veg vidare, ein identitet som overlever sjølv når stillinga ikkje gjer det.

Om ein les Márquez som en slags filosofisk kompis i omstillingsperiodar, får man en liten påminning: Livet går vidare, menneskjer er seige, og håp er en form for trass. God verktøy, både i krig og kjærleik, i fredstid og i urolege tider.

Florentino Ariza elskar Fermina Daza i et halvt århundre. Han nektar å gje slepp. Og mens ho lever eit langt og komplekst liv – heng han fast i ei romantisk førestilling om ho. Når de endeleg møtes som gamle, held historia ein spegel opp: Var dette stor kjærlighet, eller var det livslang besettelse som tilfeldigvis fikk ein ny sjanse?

Romanen siar eigentleg at kjærleik er kaotisk, upraktisk, av og til komisk – men den kan også vere ei kraft som bær oss gjennom tida.

Marques har vist meg kor mykje energi menneskjer bruker på å halde fast i mening, verdigheit og identitet når grunnmuren forsvinn. Det er akkurat det som skjer ved nedbemanning: kvar leiar og kvar tilsette kjemper for å bevare en slags indre samanheng,  mens den ytre strukturen fell i stykkar.

Man kan også hente en litt hard, men ærleg lærdom fra boken:
Når ein epoke tar slutt, må man enten sørge skikkeleg, eller så kan ein bli sittande i ein livslang venteposisjon. Florentino valte det siste – og det gjorde livet hans rikt, men også begrensa.

Overført til arbeidslivet kan ein sei det slik: Nedbemanning krever at man tør å se endringa i augene, ikkje romantiserer fortida, og bygge en ny forståing av seg sjølv utanfor gamle roller. Kven er eg utan dei vante kollegane rundt meg? Kva rolle tek eg i når så mange forsvinn?

Romanen minner oss om at menneskjer toler mye, men toler dårleg å miste historia de fortel om kven dei er. Nedbemanning truger nettopp den historia.

I haust starta vi opp att utan ni sjukepleiarar. Folk som vi skatta høgt, og som både vi som arbeider ved Gatehospitalet saknar, og som pasientane våre saknar. Eg som leiar, tek meg stadig vekk i tenke, at «denne oppgåva skulle eg gjerne spurt akkurat denne sjukepleiaren om å gjere. Men ho er ikkje her lengre.

Vi var ett lag på jobb, og vi vart eit annleis lag utan dei som vart sagt opp. Men eit nytt lag vart og danna. Eit nytt lag som står i tøffe prioriteringar etter at kapasiteten gjekk ned. Eit nytt lag som har funnet meining i pasientane – og som etter ei lang tid i eit slags vakuum, kjenner på arbeidsglede, og evna til å stole på seg sjølv i nye roller og vaktsamansetningar. Psykologisk tryggleik er vanskeleg når arbeidslivet ikkje er trygt og forutsigbart. Ja, der framleis slik, som når eg tok sjukepleien.

Du får deg alltids ein jobb. Men at vi driv med nedbemanning, i sjukepleiarmangelens tid – det er djupt forstyrrande, i ei tid der vi aldri har hatt meir ressursar til å prioritera inn i helsevesenet, og der behovet aldri har vore større, for kompetente medarbeidarar, som fortener dei beste vilkår for det yrkesvalet dei har tatt.

Det som bergar oss gjennom ei nedbemanning er som i Marques roman, kjærleiken. Kjærleiken til yrket, til pasientane, til våre kolleger, til det som til sjuande og sist gjer at vi vel å fortsette å vere sjukepleiarar, og leiarar for desse. Det er det som gjev framtidshåp no som vi begynner å sjå at det blir jul i år og. Det vi får til for pasientane tross den prosessen vi har vore gjennom i 2025.

Med von om eit betre 2026, takkar eg for at eg fekk dele desse tankane med dykk i Opplandsleiaren. Eg ynskjer dykk ei fredeleg julefeiring, og oppmodar dykk til å finne ei bok til å støtte dykk på, og kanskje ein sjukepleiarleiar å reflektere i lag med, om bok, meining, og leiarlivet.

Så var det ikkje denne boka eg hadde lyst til å skrive. Men eit kapittel i mitt leiarliv, har den blitt.

Beste helsing Silje Strand Skauge, sjukepleiar og dagleg leiar på Gatehospitalet Bergen, Frelsesarmeens rusomsorg.

Legg igjen en kommentar