No blir endeleg dårleg leiing forboden, skriv ein fastlege i Dagsavisen.
Fagrørsla applauderer for det meste presiseringa i arbeidsmiljølova, og eg tenker at etter kvart skal eg sette meg inn i kva dette betyr for mi verksemd og for mi leiing. Både den eg mottar, og den eg gjev.
Så kjem det og nokre kjensler med alle overskriftane. Fastlegen som skriv i dagsavisen er at det er leiarar som sviktar når det stormar, som er årsaka til at folk grin på kontoret hans. Hundrevis av pasientar handlar det om. Arbeidslivet består av stormfulle høgdar, det har vel 2025 vore eit godt eksempel på for mange, også for meg.

Kanskje sitt det ein og annan leiar og, på det fastlegekontoret, og, tenkar eg, som og har stått i stormen.
Både finansavisen og dagens næringsliv hiv seg på den tabloide vinklinga. Endeleg er dårleg leiing forbudt. I kommentarfelta flyt det over av anekdotar om dårlege, og ikkje minst slemme, leiarar. LinkedIn boblar over av folk som no er takksam for lovendringa, og som gler seg til reisa i 2026. Og eg får lyst til å kalle denne krakken, for det den nettopp er; ein krakk.

Krakk med tre bein. Setet er samansatt av eit naturvokst vinkelforma emne og eit trestykke som er nagla og spikra på inni vinkelen. Handtak i overgangen mellom det naturvokste emnet og trestykket midt på krakken. Dei tre beina er skåret runde i enden og tappa inn på undersida av setet
Til realitetane; nei, dårleg leiing er ikkje no forbudt. Det kjem ingen å arresterar deg om nokon skulle tenke at du er ein dårleg leiar.
Arbeidstilsynet presiserar ar regelverket er tydelegare frå og med 1. januar 2026.

Endringene innebærer ingen nye krav til arbeidsgivere, men presiserer og tydeliggjør allerede gjeldende krav.
Arbeidsmiljøloven § 4-3 presiserer fra 1. januar at kravet om et fullt forsvarlig arbeidsmiljø også gjelder det psykososiale. Samtidig er det gitt flere eksempler på psykososiale arbeidsmiljøfaktorer.

Kanskje er rutinane gode nok som dei er i di verksemd. Men kanskje treng dei justering. For som arbeidstilsynet sei:
For svært mange virksomheter vil de nevnte faktorene likevel være nødvendige eller relevante å ta hensyn til for å sikre et fullt forsvarlig arbeidsmiljø.
Ta ein kikk på fakta om lovendringa. Så er ein kanskje betre kledd når stormen kjem. For den kjem.