Frihetens forpost 🇳🇴

Det er vår i lufta. Arbeidernes dag er alltid ein milepæl i så måte.  Ein liten «benchmarking» på kor langt ein har komen med tulipanar, bøkehekken og temperaturane. Så langt i år har det vore ein kald april på vestlandet. Men første mai kjem likevel. Og for nokre dagar sidan, så fekk eg kjøpt ein maiblomst til å ha på bilen, og eit lite jakkemerke til å feire 1. mai med.

Denne første mai’en, vakna vi til at klokka 0700, så var oppgjeret i KS i hamn. Lærarar og sjukepleiarar skal få 5.2%, sånn som frontfaget har bestemt, og om andre områder gjer det betre, er det ein reforhandlingsklausul i protokollen.

Det er kjekt at ein unngår streik. Det er mykje arbeid, og mange tillitsvalde og medlemmar er sikkert letta i dag, i lag med skuleleiarar, helseleiarar og KS sjølv.

Jonas Gahr Støre fortel om ein annerleis 1. Mai i år, i sin tale. Vi ser ikkje dei same framskritta som før. Klimakrise, kriminalitet og krig. Globale store problem, og dyrtid.

Det mennesker har gjort galt, kan mennesker gjøre om, sei han. Det er ein statsmann som talar. Og eg trur på han når han sei det.

Frihetens forpost

Eg har gått i tog i dag. Eg har hengt opp balkongflagget. Eg har spelt «frihetens forpost» på spotify, ein av dei finaste arbeidersangane.

Men eg kjenner ei djup bekymring for arbeidsfolk, og kven som skal få definisjonsmakta.

Økte forskjeller er mantraet i dei talane eg har hørt så langt, i eteren.

Verdien av arbeid, skal vi slå ring om, sei statsministeren. Eg er jo einig. Eg er glad i jobben min. Eg er glad i den kunnskapen som gjer at eg får hjelpe dei som treng det mest, i mitt virke. Som leiar, er eg stolt av og glad for den kunnskapen som «mine» tilsette gjer kvar dag. Det er deira dag i dag, sjølv om ikkje alle har fri, slik som eg. Det er i og for seg eit privilegium eg sett stor pris på. Eg kan velje å gå i tog, og det kan mange andre og.

Tale nummer to eg har hørt i dag, er Trond Giske, frå Ila menighetshus i Trondheim. Det er retorisk sett ein god tale. Ein god dose patos. Han veit kven han har i salen, og dei elsker bodskapet. Han fortel om oppveksten sin, knyttar seg til grasrota. Hyller rørleggarar, elektrikarar og hjelpepleiarar.

Han vitsar med at ingen har nokonsinne vakna opp og hatt eit akutt behov for ein statsvitar. Vitsen utløyste applaus og latter.

I går kveld kunne vi sjå ei knallsterk innsats frå Unn Alma Skatvold, leiar i politiets fellesforbund (unio) i debatten, der auka kriminalitet var tema.

Hvis vi skal løse det vi står i nå, trenger vi tverrpolitisk enighet. Vi trenger en langtidsplan for å ruste politiet. Da kan vi ikke drive ned kranglingen. Vi må slutte å peke på hverandre.

Unn Alma Skatvold

Mitt eige forbund, Norsk Sykepleierforbund, er tydelege aktørar i samfunnsdebatten. Den siste tida har dei kjempa mot regjeringa sin ideologiske og feilslåtte politikk, nemlig fjerninga av karakterkrav for å komme inn på sjukepleien. Kunnskap er ikkje viktigast for å utvikle faget, i følgje AP/SP-regjeringa. Det viktigaste er at dei som har lyst, får lov. Det er ikkje nok, om ein ser på tradisjonen som sjukepleiarane kjem frå. Det var meir kunnskap som kunne gje meir omsorg, ifølge grunnleggaren av den moderne sjukepleien.

Kunnskap gjev gode løysingar. Under pandemien, når ei kriseløysing var å kjøpe inn nødrespiratorer som ikkje var dugandes, fekk leiaren for høgreregjeringa tyn frå dei som kan noko om dette, nemlig intensivsjukepleiarar og legar.

Og i ei krise, har ein behov for gjere godt, og gjere noko som kan hjelpe raskt. Seinare i pandemien uttalte Erna Solberg at ein måtte ta beslutninger i eit høgt tempo, og at difor kom ein heilt sikkert til å ta nokre beslutningar som var feil.

Sånn er det å leie i ei krise. Difor er det så viktig at ein anerkjenner og sett pris på kunnskap. I urolege periodar eller i ei krise, kan ein ein då fatte fleire riktige og gode beslutningar.

I nokre år, formative år i mitt virke som sjukepleiar, jobba eg på seksjon for gynekologisk kreft på Haukeland Sjukehus.  Eit spanande miljø, som gav mange moglegheiter til å hjelpe menneskjer som ofte var råka av nådelaus sjukdom. På grunn av eit høgspesialisert tilbod, kunne vi lindre mykje, og til og berge liv. Sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, legar, spesialiserte kirurgar i gyn-onkologi jobba ilag, og på lag for pasientane, med mellom anna forskingsresultat i verdsklasse som resultatat.

Dei siste dagane kjem det fram at fire av desse legane har sagt opp stillingane sine. Før jul sa ein opp, og ein pensjonerte seg. Det er altså att tre av ti. Årsaka til flukta frå KK er for høgt arbeidspress, over lang tid. Det kjem til å få konsekvenser. Det er synd, og det kunne ha vore unngått.

Gynkreftforeninga si nål var med 1. maitog.

Ein slik lege er så høgt utdanna som du kan få det. Langt over nivået på statsvitarane som ein aldri får akutt behov for.

Eg skulle ønske arbeidsvilkåra deira vert ivaretatt betre, for da hadde kanskje kvinner med gynekologisk kreft framleis hatt eit trygt behandlingstilbod på Vestlandet, og ikkje måtte risikere å reise til andre helseregioner for å få behandling, midt i den krisa ein slik diagnose er.

Kvifor klarar ikkje venstresida å få nok oppslutning? Ragnhild Nyhagen i norsk sykepleierforbund har ei glitrande analyse av det helsepolitiske perspektivet.

Eg trur svaret kan ligge i at høgt utdanna folk, med sosialdemokratiske verdiar, ikkje finn nokon som er verdt å stemme på. Vi som har snust på statsvitenskapen, høgt utdanna lækjarar, og oss som organiserar oss i UNIO, framfør LO, vi er arbeidsfolk vi og.

Vi er tilsette, vi har bruk for og glede av fagforeninga, og i arbeidslivet har vi bruk for gode arbeidsvilkår og ei lønn som er til å leve av, og som gjenspeiler ansvar og kompetanse, vi og. Heiltid, faste tilsettingar, reallønsvekst og verdsetting. God organisering og god leiing er avgjerande.

Så når Trond Giske latterliggjer statsvitarane, og peikar på strømpolitikken som den eine grunnen til låg oppslutning, «på tross av sjukehussatsing og fastlegesatsing», så er dette ein einsidig og feilslått analyse.

Om eg treng ein statsvitar heilt sånn akutt, er det dermed kanskje ikkje Trond Giske eg kjem til å ringe. Eller stemme på, for den saks skuld.

Det er klart at eg er med på å hylle elektrikarar og hjelpepleiarar i dag. Eg er tross alt dotter av ein elektrikar som sleit seg ut på norsk sokkel, og ein hjelpepleiar som aldri fekk oppleve heiltid i si karriere.

Dei er pensjonistar, og vert råka av både fastlegekrise og helseplattform og sjukepleiarmangel. Eg er stolt av innsatsen deira gjennom mange år i yrkeslivet, og dugnadsinnsatsen i andre samanhenger.

Men så er det sånn at «heile laget» må faktisk settast saman av forskjellig kompetanse, og ikkje einsidig velgjast ut på bakgrunn av ideologi.

Sjukepleiarar sin kunnskap og evne må settast pris på. Sjukepleiarar med personalansvar, nokre av dei med ein master i statsvitenskap, må få bidra, og ikkje bli satt opp i mot elektrikarar og hjelpepleiarar, eller helsefagarbeidarar som dei kallast no.

Arbeidarrørsla består i tillegg til LO’s 970 000 betalande medlem, så er det 870 000 medlem og i dei andre hovudsamanslutningane, i tillegg til en del uavhengige forbund.

Nyttig info på https://www.fagforeninger.no

Eg har feira ein lågmælt arbeidernes dag, i dag.

Eg skal tenke på korleis eg som «Silje Sjukepleiar», og snart «Silje Statsvitar», skal gjere det beste for det eg trur på.

Eg skal tenke på korleis ein best kan skape frihetens forpost, her nord.

Eg skal sjå etter dei politiske løysingar, som får meg til å sjå at det lysner av dag over landet, at det gror sjølv i kløfter og skar, for å sitere songteksten til frihetens forpost: Eg skal gi det den evne eg har!

En kommentar om “Frihetens forpost 🇳🇴

Legg igjen et svar til Anonym Avbryt svar