Kva er din kongstanke?

Kva har vore din sumarlektyre i 2026? Nokre gongar er det lettlest underhaldning som skal til i ein leiar sin ferie. Men ein kan òg nytte sumaren til litterært påfyll som gjer at ein er budd på hausten.

Ibsens ripsbærbuskar har vi alle vore innom. Men har du lest kongsemnerne?

I år var det Ibsen som var min sumarlektyre, etter å ha hørt Steinar Bjartveit snakke om at kongsemnerne i meir enn ein podcast. Og på ferie i bokbyen i Fjærland kom eg over ei av Bjartveit sine bøker. Eg bestemte meg for å gå til kjeldane med Ibsen, ad fontes så og seie. Og eit stykke bort i vegen, på Straumsvåg antikvariat, fant kongsemnerne.

Bokbyen i Fjærland leverar!

I kongsemnerne blir kongen, Håkon Håkonsson, utfordra av Skule jarl. På dramatisk vis, gjennom fem akter, blir vi kjende med nokre solide karakterar. Vi får oppleve krig, fred, religion – og ein dose kjærleik – midt i alt maktspelet.

Denne flotte fjerdeutgåva av kongsemnerne plukka eg med meg frå Straumsvågs antikvariat i Fjærland i ferien.


Så kva kan dette verket frå 1863 gje oss svar på i dag? Det kjem an på den som les. Men ei klassisk tolking er at i alt leiarskap trengst ein kongstanke: ein vilje til å leie, og ein tanke om kvar ein vil med sitt leiarskap.


Håkon har kongstanken – ei klår visjon om å samle Noreg til eitt rike. Skule har evnene og erfaringa, men manglar den berande ideen. Det er nettopp dette som skil dei to, og som gjer stykket aktuelt for leiarar.


Men kongstanken har ein pris – og hos Håkon er det andre som betaler han. Han sender frå seg mor si, Inga frå Varteig, ho som gjekk jernbyrd og bar glødande jern for å prove at han var rett kongsemne. Han sender og frå seg Vegard Væradal, venen sin frå Verdal, som hadde stått han nær sidan barndomen. Den som skal bere kongsverket, kan ikkje binde seg til nokon, meiner Håkon.

Her er det grunn til å stille seg kritisk. Å støyte frå seg dei som har ofra mest for ein, er ikkje styrke – det er ein leiar som forvekslar kulde med profesjonalitet. Ein leiar som kuttar alle band, mistar samstundes dei som torer å seie han imot, og står att med visjonen som einaste rådgjevar.

Kongstanken kan fort bli eit påskot for å sleppe å vere menneske. Så kva er vi villige til å ofre for kongstanken vår – og når blir offeret eit svik mot dei som bar oss fram?

Skule jarl har ofra for mykje, kjem det fram mot slutten. Han blir gjenforent med familien i Nidaros, tett før han tek i mot sin skjebne på stoisk vis, og gjev seg i kampen om kongemakta.

Var det verdt det? Og kan han klare å ta makta? Svaret på begge desse spørsmåla er for Skule nei. Og ein kvar leiar bør stille seg det spørsmålet.


For kva er det som ber leiarskapen vår gjennom kvardagen – gjennom turnusar, budsjett og vanskelege samtalar? Om vi ikkje veit kor vi vil, blir leiinga fort berre administrasjon.
Så tek eg med meg spørsmålet inn i hausten, og sender det vidare til deg:

Kva er din kongstanke?

Legg igjen en kommentar